hjarteleg velkomen til bloggen!

onsdag 6. juni 2007

Juni kom med varme

Dette er deilig...sol og varme kvar dag . Det er desse dagane vi lengtar etter heile den regntunge vinteren. Det er tilogmed kjekt å henge ut reine kle til tørk...berre det å vite at det ikkje er så vått at dette er umogleg, gjer heile jobben kjekk.

Hagen gledar oss med knallblå kornblomst, mørkeraude rhododendron og sitrongul gyvel . Vi grillar på verandaen kvar dag og har prøvd ut badetemperaturane.

Eg er heilt sikker på at ingen stad er vakrare enn Sandane , når sommaren viser seg frå si beste side.

Eg får skunde meg å måle, har mange bestillingar som ventar.

Ingen kommentarer:

background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder