hjarteleg velkomen til bloggen!

fredag 27. april 2007

Fredag, Fredag, Fredag HURRA

Det er ikkje berre barn som gledar seg over at det er helg nei...Det er meldt fint veir , og det skal ryddast og klippast i hagen. Gledar meg til å få på hagehanskar og finne fram korga med reiskapar i. Er det ikkje rart at det er så mykje kjekkare å arbeide i hagen enn å ta husvasken...?
No har eg jo lavendelvask som gjer det litt hyggeligare, men likevel...

Men først er det arbeidet i butikken som står for døra. Kjekt det og. Skal male namn på to bunadsølvskrin, og ta litt småarbeid. Skal planlegge eit nytt, stort maleri... eg har det sann delvis i hovudet, men må lage nokon skisser trur eg. Så må eg sy ferdig to vesker...oi, eg bør vel sette i gang snøggast råd.

torsdag 26. april 2007

Ein mild, men regnfull dag

Så er det torsdag igjen, vekene går jammen fort. I dag skal eg få unna litt småarbeid, litt lakking og forandring på ei kaketine. Etterpå blir det syarbeid, eg har eit par vesker som skal arbeidast med i dag.

onsdag 25. april 2007

No er det onsdag, og eg er på butikken igjen. Mandag var eg heime i atelieret og laserte og lakkerte bl.anna vinskapet som eg hadde under arbeid , og eit stort serveringsbrett med sommarlege roser. Eg håpar kundane som skal ha dei vert godt nøgde.
Elles var det ein travel dag med mange møter i barnehage og skule. Tysdagen gjekk med til å få unnagjort naudsynte ærend på Sandane. Mykje skal ordnast til konfirmasjonen...Dukar, vasar, glas og pynt. No er visst det meste snart tenkt over i så måte.

Har heldigvis fått inn lavendel husvask frå Durance...det er blitt så godt likt av kundane at det er ei fryd. Strykevatnet med herleg lavendel kjem ein av dei første dagane.
Eg har prøvd skrubbesåpe med lavendel, for ru og skitne hagehender, den var overraskande effektiv. Bra eg har rikeleg av den i butikken...

Gleder meg til litt skikkeleg vårveir så det kan bli retteleg fart på hagearbeidet. Har mange prosjekt på heimefronten, kvite verandastolar og benkar treng eit støk måling. Dei enkle knallblå benkane har eg morosame planar for...dei skal få måla fargerike og naive blomar spreidd utover. Eg trur det skal bli verkelege humørspreiarar av dei.
Eg skal jammen ta og dekorere den gamle turkise trillebåra i same slengen. Eg har ikkje kome på noko lurt å bruke drivveden som eg samla i påska til, det kjem vel seglande ein ide snart.

onsdag 18. april 2007

Eg har fått blogg...



Endeleg har eg fått meg blogg!

Det tar litt tid å lære seg , men det blir nok ein brukbar blogg etterkvart...

I dag er det eit stort tilbakeslag for oss hageentusiastar som trudde våren var her,... i dag snør det! Det er surt og kaldt og eigentleg eit greit inneveir. Eg er på butikken og skal til å male eit lite vinskap. Det skal bli druerankar og dikt slik kunden ville ha det.

Skal prøve meg fram med tekst og bilete her undervegs.
background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder