hjarteleg velkomen til bloggen!

onsdag 31. oktober 2007

Herleg inneveir

Det regnar, bles og sluddar innimellom, det er perfekt "kose-seg-inne-veir".
Tenne eit duftelys, fyre i peisen, drikke te og hekle. Ikkje så verst det?
Eg har hatt besøk av ein hyggeleg reparter frå nrk i butikken min, det var ei spennande oppleving. Rart å høyre eiga stemme på radioen, men det gjekk no bra det. Eg trur det var fin reklame, for i dag har det strømma på med folk som ville sjå kva eg har...veldig hyggeleg.

fredag 19. oktober 2007

Søt veske til det brune haustantrekket


Te og knitrande peisvarme

Tenk at det allereie er kuldegrader! Den tida frå sommar til haustkulde er jammen kort? Eller er det slik at tida går fortare når vi har det kjekt?
Dagane fyllast av jobb i butikken, handle mat, henting i barnehage, middag og middagslur, køyring av barn til handball, kor, dans, ballett, volleyball, foreldresamtaler og masse meir........skulle forresten ønske at ag kunne vere litt meir miljøsparande og sleppe litt av den køyringa til og frå. Men kveldane er så mørke, og barna er så slitne oppover dei slitsomme bakkane ...seier dei...hm...

Eg jobbar med litt hekling av vesker. Heklar no i svart og grått, sjølv om eg eigentleg synst det er litt trist med svart. Mange kundar har spurt etter det, så då er det vel berre å lyde (hehe).

Sjølv synst eg det er fint med fargerike vesker som verkeleg lyser opp litt.

lørdag 13. oktober 2007

Eg jobbar i dag med eit stort bilete , 80x100 cm, med gamle portrett og roser.
Det tar form etter kvart, og eg ser at eg kjem til å bli fornøgd med dette biletet...kjekt laurdagsarbeid!

Laurdagsarbeid




torsdag 11. oktober 2007

søndag 7. oktober 2007

mandag 1. oktober 2007

villvin


anemone og japanlykt


haustfargar


haustfargar


haustfargar


background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder