hjarteleg velkomen til bloggen!

onsdag 25. april 2007

No er det onsdag, og eg er på butikken igjen. Mandag var eg heime i atelieret og laserte og lakkerte bl.anna vinskapet som eg hadde under arbeid , og eit stort serveringsbrett med sommarlege roser. Eg håpar kundane som skal ha dei vert godt nøgde.
Elles var det ein travel dag med mange møter i barnehage og skule. Tysdagen gjekk med til å få unnagjort naudsynte ærend på Sandane. Mykje skal ordnast til konfirmasjonen...Dukar, vasar, glas og pynt. No er visst det meste snart tenkt over i så måte.

Har heldigvis fått inn lavendel husvask frå Durance...det er blitt så godt likt av kundane at det er ei fryd. Strykevatnet med herleg lavendel kjem ein av dei første dagane.
Eg har prøvd skrubbesåpe med lavendel, for ru og skitne hagehender, den var overraskande effektiv. Bra eg har rikeleg av den i butikken...

Gleder meg til litt skikkeleg vårveir så det kan bli retteleg fart på hagearbeidet. Har mange prosjekt på heimefronten, kvite verandastolar og benkar treng eit støk måling. Dei enkle knallblå benkane har eg morosame planar for...dei skal få måla fargerike og naive blomar spreidd utover. Eg trur det skal bli verkelege humørspreiarar av dei.
Eg skal jammen ta og dekorere den gamle turkise trillebåra i same slengen. Eg har ikkje kome på noko lurt å bruke drivveden som eg samla i påska til, det kjem vel seglande ein ide snart.

Ingen kommentarer:

background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder