hjarteleg velkomen til bloggen!

fredag 17. august 2007

Sandanedagane

So er det Sandanedagane att.
Det er hyggelege dagar med masse folk i sentrum, og så loppemarknad, hurra.

Eg stengde butikken ein time og kjøpte meg lopper i fleng, det er så moro.
No får eg skunde meg og selje litt.

onsdag 15. august 2007


Puselue til ei lita prinsesse


Hekla luer

No har eg fått ferdig ein kolleksjon av herlege, heklaluer...Hurra dei blei no veldig søte, og mjuke og varme til kalde vinterdagar.

fredag 10. august 2007

Lubne ullhjarter

Det er fine dagar igjen....etter lange regndagar...

Men eg har fått laga fine hjarter for salg i butikken, etter modell frå TILDA.
Dei blei koselege og lubne, og ser akkurat passelig heimelaga ut.

Tok eit bilete av kjøkenet...eg er glad i fargane der.

Kjøkenkroken


Smykke ...CharM design



Ullhjarte...LOVE


lørdag 4. august 2007


Astrid Lindgren


Tilbake i butikken

Det er kjekt å vere tilbake på jobb etter ei lita ferieveke. Det var mykje spennande å sjå i Trondheim. Eg var sjølvsagt innom den hyggelege butikken Jordbærstedet og kjøpte band, stoff og tråd til varer i butikken. Fekk også kjøpt garn til vesker i herlege kvalitetar...

Og så fekk eg meg ein ny favorittbutikk...Cornelias Hus. Der var det berre sooooo masse fint.
Der skal eg innom snart igjen.

Hagen bar preg av store mengder regn og vind når vi kom heim. Det var rikeleg å rydde opp i der ja. Kjekt å vere på tur og kjekt å kome heim att.
background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder