hjarteleg velkomen til bloggen!

fredag 20. juli 2007

Emelie


Snart ferie

No skal eg ha open butikk i dag og i morgon, og så vert det ei veke ferie på meg. Skal opne att fredag 3.august.

Det blir deilig med ein tur, vi gledar oss heile familien.

Heime går det i hagearbeid ( surprise ) . Trapper i stein og nye bed tar form i den bratte, bratte skråningen bak huset. Der trudde vi ikkje at det skulle bli noko bra, men det blir jo kjempefint.
Vi syns det er viktig at området passar inn i naturen og at det ber eit preg av skog. Steinane grev vi fram frå grunnen med hakke og spett, det er so kjekt å spennande arbeid...

Elles har vi fått vekk eit stygt kaprifoltre, og erstatta med roser...det blir fint.

No ser vi fram til nokre dagar med sol...hurra.

onsdag 18. juli 2007

Tunet


Inngangen til atelierhemsen


Roseprakt


Min verandautsikt


fredag 13. juli 2007

Mitt kjøken


Hylle med krusifiks og ballettsko


Stovekroken


Får vi meir sol...?

Etter ei heller regnfylt veke her på Sandane lengtar vi tilbake til det herlege sommarveret vi hadde. Kor blei det av grilling og måltid på verandaen, kor blei det av hagearbeid og varme i kroppen...? Det er rart, men ein kjem nesten litt i haustmodus, med hekling framfor tvèn om kvelden. I dag skulle det bli litt lettare utpå dagen, vi får håpe det stemmer.

Eg har fått litt nye katalogar frå dei firma som eg er kunde hos, der er det som alltid tusen ting eg ville bestilt, men må nok nøye meg med litt småbestillingar.

torsdag 12. juli 2007

Kjøkenkroken


Hylle med dilldall


Bilete frå heimen

Her ein kveld var eg rundt og fotograferte litt rundtomkring i heimen...det såg no litt koseleg ut synst eg. Eg ser ulike ting eg vil ta fatt på når haust og kulde jagar oss innomhus, men tildess er vi nøgde.
background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder