hjarteleg velkomen til bloggen!

søndag 16. september 2007

Det er haust

Hausten kom så altfor fort i år. Vi har no nesten ikkje hatt nokon sommar, så dette må vere feil.....

Det regnar litt ( eller masse ) kvar dag uff uff. I hagen har vi vakre fargar, men det er så vått at det er jo ingen av oss som er der og kan glede seg over det. Vi er no eigentleg vant med det, men vi håpar jo alltids at akkurat i år vil det bli litt betre...at vi aldrig lærer, vi bur på feil kant av landet til å forvente tørr haust med raslande lauv på tunet.

Vi får fyre i omnen, og kose oss med hekling og kiking i interiørblad. Her hos oss pussar vi opp det vesle vindfanget. Etter det ventar maling av tak og veggar på loftsgangen, maling av Nicolay sitt rom og uff.. badet MÅ takast snart.

Eg skal rydde i broderigarn som eg har fått hos May, det er masse fin inspirasjon idet.

Ingen kommentarer:

background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder