Eg har ikkje gløymt min blogg, nei...Eg har hatt så masse å gjere med bestillingar og hage og hus og heim, og så har eg no vert litt lat og då.
Det har vert mange fine sommardagar med jonsokfeiring på Karnilstunet, bading i Gloppestadfjæra og piknik i Jølet. Vakre og late ettermiddagar på verandaen med ein god kaffikopp er terapi for kropp og sjel. Barna har fått nytt lite basseng i hagen, og kosar seg der. Dei store er på sommarjobbane sine, og er glade for å kunne tene eigne penger.
I hagen er rosene på startstreken. Hurdalsrosa har vist seg frå si vakraste side i år, og no er albarosa "Prinsessa de Lamballe" i full gang med sitt blomsterflor. Den luktar berre soooo herleg. Heidelberg og Charles Austinroser, "Rose de Recht", Celestial, Astrid Lindgren...
Ei herleg tid for alle roseelskarar.
I vinter må eg gjere alvor av å systematisere rosene mine på ei nettside.
hjarteleg velkomen til bloggen!
onsdag 27. juni 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
mine favorittbøker
- Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
- Tildas hus, av Tone Finnanger
- Where women create, av Jo Packham
- Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
- Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
- Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar