hjarteleg velkomen til bloggen!

torsdag 29. november 2007

Det nermar seg advent

Det er ei kjekk og travel tid no når det nermar seg advent.
Det er massa å gjere med bestillingar som skal vere ferdige til jul eller før. No føler eg meg nesten som ei nissejente i julenissens verkstad...eg malar ein barnegyngestol, ei dukkevogge og ein barnekubbestol til mine kundar, og på radioen spelar dei ei julesalme.

Det er ei herleg tid, masse forventningar og ribbelukt i matboda. vi skal ha vår årlege småkakebakedag heime snart, ungane gledar seg alltid til den dagen.

I dag gleder eg meg og til eg skal ha klubb, det er alltid ei koseleg tid.

tirsdag 13. november 2007

Nei...eg skriv fortsatt blogg...

Eg er her ja, har berre ikkje hatt tid til å skrive.
Har vert i Trondheim og besøkt storejenta mi, og måtte sjølvsagt inn på Panduro..! Der var det so masse kjekt. Eg elskar dei nye Tilda-stoffa! Dei brune fargane er lekre. Eg kjøpte litt som eg skal lage dei store Tildaenglane av...om eg berre får tid.

Dagane går jo rasande fort, fortare og fortare dess meir det nermar seg jul. Eg er snart ferdig med tre store bilete som er bestillt, og jobbar med ein gardin-konsulentjobb til ei kantine. Eg burde ha funne ut korleis eg skal lage til stand på Utkantmarknaden, men eg må visst ta det på sparket.

Skal skrive meir snart....ja...når eg får tid.....får ønske meg litt tid til jul eg trur eg...
background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder