hjarteleg velkomen til bloggen!

torsdag 27. september 2007

Hagearbeid


onsdag 26. september 2007

søndag 23. september 2007

Eg ommøblerer....igjen

Jaja... det er nesten like sikkert som at hausten kjem...ommøblerings-bølgja er over meg igjen.
Det tek som regel til med at eg sit der i sofaen med kaffikoppen og ser utover stova. Så tek eg til å lure på kvifor dei hyllene står akkurat der, kvifor har vi den brune kjøpmannsdisken fortsatt eigentleg...skal eg male den snart...?
Då er det igang...eg plukkar ut alt frå hyllene, finn fram pussemaskina, pensel, maling, kraftvask og hanskar og set i gang. Alt går fort og greit...Så flyttar eg eit bord...så flyttar eg sofaen, ei gammal seng og to kommodar og snart er alt snudd på. Alle pynteting er spredd utover golvet, så må eg prøve og finne nye spennande plassar til alt...det er verre gitt...det blir liksom ikkje plass til alt...

I morgon skal eg dekorere dørene på kjøpmannsdisken og rydde vidare...skal ta bilder av galskapen og legge dei på bloggen..God natt.

søndag 16. september 2007

Kjøken


på kjøkenet


Søndag i stova


Ei nydelig rose


Uteputene må vel inn no...


pynt på bordet


Det er haust

Hausten kom så altfor fort i år. Vi har no nesten ikkje hatt nokon sommar, så dette må vere feil.....

Det regnar litt ( eller masse ) kvar dag uff uff. I hagen har vi vakre fargar, men det er så vått at det er jo ingen av oss som er der og kan glede seg over det. Vi er no eigentleg vant med det, men vi håpar jo alltids at akkurat i år vil det bli litt betre...at vi aldrig lærer, vi bur på feil kant av landet til å forvente tørr haust med raslande lauv på tunet.

Vi får fyre i omnen, og kose oss med hekling og kiking i interiørblad. Her hos oss pussar vi opp det vesle vindfanget. Etter det ventar maling av tak og veggar på loftsgangen, maling av Nicolay sitt rom og uff.. badet MÅ takast snart.

Eg skal rydde i broderigarn som eg har fått hos May, det er masse fin inspirasjon idet.

onsdag 5. september 2007

Brunbeisa eplekasser får nytt liv


Snille glopparar...

Folk er snille... iallefall finst det snille glopparar, og nokre av dei er mine kundar.

Her i forrige veke kom ein kunde inn i butikken, og praten gjekk. Så kom vi inn på gamle eplekasser.....tenk det....så sa min kunde at ho hadde gamle kasser eg kunne få. Hurra, tenkte eg og ville bruke dei til hyller i butikken.
No er kassene på plass, etter eit strøk med jernvitrol beisfarge frå Byggern.

Det blei fint, ka?

I dag fekk eg vite at ein annan kunde ville gje meg eit gammalt sink-melkespann.....også det som eg har ønska meg så lenge! Det skal få stå på trappa heime med haustkvistar i, og seinare med vintergrønt i.
Ein porselensvask med gammal armatur ville dei visst og gje meg. Dette er bra saker.

lørdag 1. september 2007


Lys og småtteri


Messe er sooo inspirerande...

Det har vert Sandanedagar og messebesøk og masse bestillingar. Travle dagar med null tid til å blogge...

Det var masse fint på gavemessa! Og masse stygt og då, eller ikkje akkurat stygt, men i ein heilt annan stil enn det eg kunne tenke meg til min butikk. Der var store og overdådige stands med glitter, krystallar og glam. Eg ser for meg at det kan passe i ei luksusleilighet i New York, eller i leiligheta til Erlend og Krumme i København.... (Dei er personar i bøkene til Ragde.)
Jaja, kvar sin smak. Men vi vart heilt frelst på eit dansk firma med masse herleg shabby og litt "katolsk" fransk stil. Vi skal ha varer derifrå til jul....GLEDAR MEG.
background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder