hjarteleg velkomen til bloggen!

onsdag 30. mai 2007

Oliventre og sol

Ja so blei det pinsehelg med strålande veir. Det var på tide, rett før vi gjekk i oppløysning av alt regnet. Sit og høyrer på nitimen, og der snakkar dei om at i dag pøsregnar det....typisk for desse osloprogramma at alt dreiar seg om det som skjer rett utanfor studiodøra. No vil vi helst høyre om det vakre sommarveiret vi har, om sol og opp mot 20 grader tidleg på morgonen...haha...slik er det i dette merkelige landet.

I helga kjøpte eg meg eit oliventre!!! Har ønska meg eit lenge, men det er ikkje lett å få tak i her ute i distriktet. Treet er lite, og står i ei urne på verandaen. Tenk at det kan bli 2000 år gamalt!
Eg skal vere lukkeleg om eg får det til å overlevere eit par år eg, skal ta det inn til hausten og prøve å bevare det. Kjøpte også ein oppstamma rosmarin-plante, den ser også ut som eit lite tre...vakkert.

I går jobba eg i hagen, eg tok eit skikkelig grovarbeid, eg flytta store vintergrøne plantar og har laga til eit "miljø" opp mot skogen. Der er rhododendron, thuja, trådsypress og gran og furu. Plantane er små no, men eg ser for meg det heile om 3-4 år, då trur eg det blir flott...
Det var slitsomt og kjekt.

No har eg hatt alle dei franske korgene ut på fortauet ved butikken, det blei koselig det. Denne butikken hadde ikkje eg klart å gå rett forbi iallefall, men no er ikkje alle glopparar så galne etter herlige og inspirerande butikkar som eg er..

Skal drikke kaffi ute før eg set igang å måle krakk og kaketine.

fredag 25. mai 2007

Kom mai du skjønne milde...?

Kor blei våren av??? Det regnar og regnar og det er sooo vått og trasigt ute. No vil vi ha sol!!!
Vel, det er bra meldingar for pinsehelga, så kanskje det kan bli litt hagestyr då. Vi har jo so fin veranda og det hadde no vert kjekt å kunne bruke den...
Det var sutringa over det elendige veiret, det er jo masse kjekt å drive med inne og då. Konfirmasjonsmaten har vi ete opp eller frose, borda har fått sin vanlige pynt på plass, og huset har blitt rydda og vaska.
Alle dei små måleria mine vart selde som konf.gåver, det er bra..., no har eg fått laga 8 nye, hengt dei opp i butikken, og lagt inn bilete av dei på sida mi. Eg synst dei blei veldig fine.
No må eg skunde meg og få ferdig eit skrin som vert henta i morgon.

lørdag 19. mai 2007

Konfirmasjonsførebuingar...

Sidan mamma er så oppteken med konfirmasjonen no på søndag, er det eg (charlotte) som passar butikken. Det er så kjekt å få vere her nede med alle dei fine tinga.
I går kom det nye varer frå IB LAURSEN frå Danmark. Då gjekk heile dagen med til utpakking og prising av varer. Det var som å få ei julaft nr. 2!
No skal eg lage til slideshow til bloggen, sånn at vi kan legge inn mange fine bilder frå butikken.
Eg har og gjort noke som kanskje blir ei positiv overasking til mamma.... vi får sjå.

torsdag 10. mai 2007

Dukkehuset

Nei no er det litt lenge sidan eg har gjort noke med dukkeskapet mitt...Det er liksom ein sann vinterhobby, men eg har store planer då...

Der manglar ein god del møblar, men det får kome etterkvart. Det er kjekkast å samle over tid, og å prøve å lage mest mogleg sjølv. Det bur berre tre barn i huset, ganske uansvarleg...hehe...må få kjøpt dukkeforeldre snart så det blir litt orden på sakene.

Idag kjem kundar frå Eid og skal hente ei bestillt kiste, og eg skal arbeide med eit bunadsølvskrin og eit fat som er bestillt. Rikeleg å henge fingrane i.

onsdag 9. mai 2007

Hagen

No er det flott i hagen! Det spirer og gror og vi ser forandringar frå dag til dag. Eg har desverre ikkje dekka til rosetrea mine i vinter, så no ventar eg med spenning på om det er liv i alle...nokre ser veldig daude ut ...eg har klipt dei heilt ned og ventar tolmodig. Eg har elles planta i verandakassene, i år skal eg prøve å få til kasser fyllt med alt mulig...: lobelia, nellik, eføy, sanne blå små stjerner som eg ikkje hugsar namnet på, og sanne gule... hehe eg er ikkje så darlig på plantenamn då, men hugsar dei ikkje i farta. Eg har kjøpt ein ny alpeklematis samt ein liten raud rhododendron lik den vi har frå før . Eg har så lysst på mange rhododendron, men dei er så dyre...I dag er det butikkdag for meg, så medan eg målar kan tankane vandre fritt kring hagen heime, og planane er mange...

fredag 4. mai 2007

Det blir ein lang dag ..

I dag er det fredag og nattope til kl 24.oo ... GJESP...
Vi får håpe skodda lettar og at det blir mange handlande i Sandanegatene, det er kjekt når det er mange ute og går, og litt kjedelig viss det blir veldig stilt.

Eg har sydd meg to søte puter med strykemotiv frå Jeanne dÀrc, likte dei godt.

torsdag 3. mai 2007

Klubb

I Dag skal eg ha klubb hos meg, det blir hyggeleg. Vi skal ete taco... litt lite originalt, men veldig godt likevel...

Skal male eit bunadsølvskrin i dag, iallefall grunning. Kunden har ikkje heilt bestemt kva som skal vere av dekor.

onsdag 2. mai 2007

Våren på Vestlandet

Ingenting kan måle seg med våren på Vestlandet. Vi har hatt flotte dagar med knallblå himmel og sol og blank, blå Gloppefjord...Det kan ikkje bli betre. Vi har jobba på med skraping av verandarekkverk, maling, oljing av golv og alt som trengs rundt huset. Eg kjøpte to blå stolar og eit bord som har fått plass på trappa, eg synst det blei riktig koseleg der. Skal kjøpe blome til bordet i dag...

Eg har sydd ei knallfin veske! Den blei sooo romantisk i lyse fargar... No syr eg to puter i same stil. Må bli ferdig, så eg set meg til symaskina igjen.
background:$bgcolor;

mine favorittbøker

  • Gammelt og trendy, av Ellen Ørnes
  • Tildas hus, av Tone Finnanger
  • Where women create, av Jo Packham
  • Flot Skrot, av Eva-Marie Wilken og Kim Wilken
  • Hagevandring i en frodig norsk hage, av Helen Fredholm
  • Franske Stemninger, av Jeanne Dárc Living

bilder